Hei. Fint du fant nettsida mi håper du liker bileta, eg har gjort mitt beste for at bileta skal verte so bra so mogeleg.
La meg presentere meg: Navnet mitt er Atle Nordal Inderøy, busett på Skiveneset heilt vest i Hyllestad kommune, då er du altso komen til Vestlandet og Litt nord for Sognefjorden - Som Forresten er Noregs lengste fjord, så veit du da.
Fotografering er hobbyen min, ein hobby eg bruker mykje tid på. Natur / landskapsbilete er min Favoritt, men Liker også portrettfotografering då Helst ute i naturleg lys - tykkjer bileta vert finare då.
Hos meg kan du kjøpe bilete på akryl, aluminium, lerret eller på papir som er ferdig innramma. Kvar haust sel eg kalenderer med motiv frå Hyllestad.
Utstyret eg bruker er Sony fullformatkamera med diverse objektiv frå Samyang, Tamron og Sony.
Dersom du er ute etter eit bilete til veggen eller du vil forevige famileien eller tenåringen så nøl ikkje med å ta kontakt, eg er alltid tilgjengeleg på mail eller telefon.